Å elska det er å leva

 

Kjærlighetsdikt har vel de fleste prøvd seg på,

her er noen.

 

 Eg står og lyttar

Eg står og lyttar til ein vind frå nord

som ruskar i mitt hår.

Eg tykte klårt eg høyrde du var der

i vindens pust, eg trudde du var her.

   

Eg står og lyttar, syns eg høyrde noko kjært,

ei helsing i frå deg.

Eg tykte vinden bar med seg di røyst,

eg tykte røysta ropa etter meg.

 

Eg står og lyttar, men det var 'kje meir,

eg einsam går min veg.

Men i min tanke og mi hjarterot

er gøymt ei helsing i ein pust av vind frå deg.

 

***  

 

   Nattesynet

Eg ser ditt ansikt i ein skoddeeim,

eg prøver gripa etter det.

Du var så nære, men eg tok visst feil,

det var for langt imellom meg og deg.

 

Eg står og stirer på ditt vakre hår

som vinden leikar med.

Eg prøver ropa, men du svarar ei,

det var for langt imellom meg og deg.

 

Eg legg på sprang imot deg, kjære venn,

eg vil så gjerne vera der hos deg.

Men du vik bort, ja endå lengre bort

det vart for langt imellom meg og deg!

 

 

Eg ser ditt ansikt meir og meir gli bort,

eg ser at skodda famnar ikring deg.

Snart står eg att, åleine, utan deg,

og berre gråe skodda er i lag med meg,

for -

det vart for langt imellom meg og deg.

 

***

 

     Djup lengt.

Eg prøver å mala eit bilde

av deg i mitt innarste sinn.

Men kvar gong eg nesten det ferdig har gjort,

eg ser det i lufta forsvinn

 

Eg skimtar deg berre ein augneblink,

då ser eg deg slik som du er.

Så vakker du er, men så lita stund

så er du ei hos meg her.

 

Om kvelden eg sovnar, det siste eg ser

er deg, som forsvinn i ei sky.

Om natta eg drøymer ein lengtande draum,

men vaknar til tomhet på ny.

 

Så difor er dagen når eg ser deg att

ei tillengta, lukkeleg stund.

For då får eg vera i nærleiken til

den jenta eg elskar i grunn.

 

For nærleik er meir enn eit bilde,

som kverv or eit lengtande sinn.

Din nærleik er den som eg ventar,

at alltid skal vera i min.

 

***

 

I natt.

I natt skal du sova i min tanke,

i natt skal eg sjå deg igjen.

I ein draum der vi atter er saman

om ein kjærleik som ulmar og brenn.

 

I natt skal du sova på min arm,

eg skal kjenna din pust imot meg,

i ein draum der vår lengt er blitt borte,

der vi begge går same veg.

   

I natt skal vi vera åleine, vi to,

vi skal nyta kvar stund i lag.

I ein draum utav kjærleik til deg, kjære venn,

skal eg møta ein annan dag.

 

***