Som 16-åring reiste jeg til sjøs i sommerferien. Også sommeren etter. 

Det var lett å få hyre på 60-tallet. 

På den tiden, og fortsatt i dag var jeg veldig begeistra for Jacob Sande 

sine dikt, og det merkes sikkert.

De to første diktene her er imidlertid rein fantasi !

 I storm og stille

Mi trufaste køy

 Eg låg einsam i køya og høyrde på det brusande stormande hav,

som med kraft i mot skuta seg støyrde, prøvde liksom å driva oss av.

Og eg kjende korleis køya ho riste og skalv,

for kvar gong når ei bylgje slo til.

Slik at skuta slo kast som ein vårsluppen kalv,

prøvde liksom å gjera seg vill.

 

Men eg låg der i køya og smilte, for i køya eg følte meg trygg.

Og der låg eg blant sekkjer og kvilte, på min verkbrotne, utslitne rygg.

Og eg kikka ut gluggen der storhavet valt,

med ei kraft utav argaste sort.

Slik at stundom eg trudde at livet det gjaldt,

og at snart eg frå køya laut bort.

 

Men mi køye så trufast ho heldt meg, om det storma og rauk ut på dekk.

Og om kulden den prøvde å ta meg, heldt eg varmen så godt i ein sekk.

For eg følte meg trygg mellom sekkjer og halm,

medan storhavet velta og braut.

Og om stundom eg følte meg sjøsjuk og kvalm,

var eg takksam og glad at me flaut.

 

Det var stussleg i køya kan hende, slike stormande netter ombord.

Og min tanke flaug ofte attende, til min barndomsheim, far og mi mor.

Men når eg utav lomma drog munnspelet fram,

vart det slett ikkje stussleg, å nei.

For då spela eg munnspel til sjøen vart tam,

og låg stødig og still som ein vei.

 

Og om kveldane på køykanten, på frivakt eg var, og slapp tenkje på suter og plikt,

tok eg fram min ærverdige, ustemte gitar, og song sjølvlaga songar og dikt.

Og dess sterkare det storma, dess sterkare eg slo, slik at strengene slo bogar i takt.

Og eg høyrde korleis draugen utfor rekkjekanten lo, då eg atter stod ved roret på vakt.

 

Og slik stod eg nokre timar og styrde skuta fram på det endelause hav.

Medan styrmannen gjekk rundt meg og syrde, og slo kursen til den plass me dreiv av.

Og når søvnig i frå vakta eg gjekk nedatt som fri, var eg glad eg hadde køya mi på lur.

Og der sovna eg kontant med eit velfornøgd smil, og drøymde om mi vårvigde brur.

 

***

 

S a r a h

 

Eg stod einsam på bru ei stormande natt

medan sjøane slo over dekk.

Og heldt trufast meg fast i det stødige ratt,

då eg drøymde meg ørlite vekk.

Og eg drøymde om Sarah, min kjæraste ven,

og ho kom meg så underleg nær.

Og eg såg ho i tanken igjen og igjen

ho den einaste eg hadde kjær.

 

Og eg huska vår avskjed så inderleg godt,

frå henne eg elska i grunn.

Og eg minnest på bryggja då eg hadde fått

hennar kyss til farvel på min munn.

Men dei augo ho sende, dei sorgfulle vart

då ho spurde: "Kva tid kjem du att?"

Og eg svara attende: "Eg har ikkje svar."

Men no veit eg det sikkert i natt.

 

Eg vil heimatt til Sarah, mi einaste du,

og få møte deg, ta deg i hand.

Difor vil eg i kveld, på mi einsame bru,

gjera eid at no går eg i land.

Så tålmodig, du Sarah som heime laut gå

og venta så lenge på svar.

For no stemner eg heim over havet det blå,

og snart kysten der heime me har.

 

Snart så skal eg få møta deg skjelvande nær,

og få kyssa din gloheite munn.

Og så godt det å tenkja, snart heime eg er,

til ei tillengta, lukkeleg stund.

Å mi Sarah, så vakker du er i min draum,

der du smilar og vinkar til meg.

Med ditt angande hår hanga ned i ein flaum,

der du ventar tålmodig på meg.

 

Og eg ser deg så klårt for mitt auga du er

der ved enden av havet du står.

Og eg speidar, langt fram i mot bryggja eg ser,

der eg veit at eg møta deg får.

Der eg veit du vil venta med blomar i hand,

ta imot meg så kjærlig og kvent.

Og når eg ved di side igjen står på land,

er mitt sjøliv for alltid endt.

 

***

 

Dette diktet, "Storm over Biskaya" er selvopplevd.

På vei heim fra Italia sommeren 1967 fekk vi et forferdelig uvær over Biskaya,

dette berykta stedet for alle sine stormar..

Båten "Ramsnes", på berre 2000 tonn var like mye under som over vannet

i 2 døgn, berre styrehuset og dei høgaste punkta foran og bak på båten

var stort sett over.  Heile dekket, både foran og bak styrehuset vart heile tida

overskyldt av bølger.  Å sova var nesten umulig, og 2

gonger opplevde eg å bli kasta ut av senga.

Spennande for ein unggut, men også skremmande !

 

 Over Biskaya

   Den hende meg her i sumar, ei hending eg minnest så godt,

som sette ein støkk i oss alle, og tagna kva einaste lått.

 

Me stod der på brua og lytta, som om me var samla til fest,

og høyrde at uver var nære, ja kuling og storm frå nordvest.

 

Me visste så vel kva som venta, på Biskaya som framfor oss låg,

men ingen av oss ville seia, at redsle i augo me såg.

 

Og brått styrta uveret på oss, så ofsaleg hardt då det kom,

ja bølgjene slo over skuta, og sjøen vart piska til skum.

 

Det nesten var uråd å sova, for skuta slo hallingekast,

så ein måtte helst liggja vaken, og halda i køya seg fast.

 

Og tanken flaug heim til dei kjære, som heime sat lunt og godt,

og slapp liggja vaken om natta, og høyra på brenning og brott.

 

Og når me på dørken oss våga, me greide vel knapt å stå,

og likna vel mest på dei drukne når me skulle til å gå.

 

Me også fekk mykje å gjera, som vanskelig var å få gjort,

og livsfarleg var det så ofte å drøyma seg ørlite bort.

 

I byssa stod kokken og sveitta, han passa på panner og fat.

At ikkje dei ramla i dørken med rykande middagsmat.

 

Og då me kring bordet sat sessa, og prøvde få i oss litt mat,

i takt med vår slingrande skute, me styrde tallerkar og fat.

 

For havet det var ikkje nådig, når inn over skuta det slo,

og baugen stod under i sjørok, då var det visst ingen som lo.

 

Då vart det så merkjeleg stille, i flokken som var om bord,

og sikkert det var vel kan hende, at tanken ein annan stad for.

 

For farleg det er å kryssa, Biskaya i slikt et vær.

For mange har funne sin gravplass, blant stormande bylgjer der.

 

***

 

Et dikt om ein rolig periode ombord, om miljø, tankar og gjøremål.

 

Skodde i fjorden

Skodda kjem sigande gråkald,

innover fjorden blå,

Skuta så modig trassar

skodda så tjukk og grå.

 

Tuting og fløyt i fjorden,

høyrest i denne natt.

Kaptein går stille på brua

og passar kompass og ratt.

 

Lanterner og lys er gøymde

av skodda så sleip og våt.

Einaste lyd ein høyrer

er tuting og fløytelåt.

 

Men borte i kråa på brua

står radaren, stor og svær.

Den leitar opp båtar og strender,

og viser oss kvar vi er.

 

Mannskapet får ikkje sova

av fløytinga stadig vekk.

Den tuter så kvass i øyro,

det er ikkje fritt ein kvekk.

 

Dei ligg der i senga og dormar,

og ventar på orda "Tørn ut!"

Då reiser dei seg og geispar,

og gløymer si nattesut.

 

Men gråskodda ligg og truar,

så tjukk og kald og rå.

Mens skuta forsiktig pløyer

seg fram over bylgja blå.

*****