Rundt husene heime

Denne historien er sann, eg skreiv det faktisk i ein naturfagtime, 

nærmest under pulten, etter ein frustrerande time med musikk.  

 

Åtferdskarakteren

Om musikklærerinna 

 

Når på mandagen stille me ruslar,

mot et rom, nr. 13 det står.

Er det liksom det kitlar og puslar,

der me stille mot songtimen går.

 

Innfor døra sit sjølvaste skræmsla,

som me vørdsamt og stramt går forbi.

Med i bringa ei underleg kjensla,

at me går mot ei vondare tid.

 

Me må skjelvande sitja å syngja,

om me ikkje ein strofe får til.

Hvis me seier, me kan ikkje syngja,

går ein "M" i vår åtferd til spill.

 

Men det vanskelig er for oss alle,

å nå opp i den knallhøge  C.

Så me tek oss ein blund der på pulten,

der me drøymer om "NG" og "T".

 

Men du sovande stakkar på pulten,

du som smålåten drøymer om fred.

Hvis ho ser deg, ho blir som ein svolten,

det er hardt når ho kvar gong slår ned.

 

Ho har straffer som ingen kan måla,

til å straffa ein klasse med herk.

For hvis ikkje me sit der og skrålar,

får me straff med eit Beethoven verk.

 

Den er hard denne straffa å motta,

det er oppatt det same kvar gong.

Me får "T" i vår åtferd som attpå,

for at ikkje me skråla og song.

 

Og du stakkar som ikkje kan syngja,

og som ikkje når opp i ein  C.

Bøyg ditt hovud og ta imot skamma,

for di åtferd står berre til "T".

***

Et dumt dikt om første røyken min.  Har siden aldri smakt en røyk. 

Ikke noe å skryte av, men hvorfor skulle jeg fortsette?  

 

Min fyrste sigarett

Eg stod der bak skykjenova

så ofsaleg karsleg og rar.

For no sku' da endeleg prøvast

kva tobakk egentleg var.

 

Så tente eg sigaretten,

ein stump ut av likaste slag.

Plasserte han laust i munnen,

som om eg var mann av fag.

 

Så byrja det straks å ryka,

og eg drog inn, kan du tru.

Og prøvde å få ut att ringar

som skulle gå opp mot sky.

 

Men plutseleg kjente eg noko,

eg vart oppi skallen så rar.

Eg vart reint så merkjeleg svimmel,

og lurte på kva det var.

 

Og straks tok eg til å tenkja

på noko som far hadde sagt.

At tobakk og slikt var giftigt,

og kunne ta all vår makt.

 

I ørske eg greip sigaretten,

den stumpen som var igjen.

For halve filten var opprøykt,

eg hadde ikkje spart på den.

 

Så sa eg til sigaretten,

den fienden lumsk og lur.

"eg vil ikkje sjå deg meire,

du smakar så vond og sur".

 

"Du lokkar nok på så mange,

men aldri meire på meg.

Du aldri meir meg skal freista,

du aldri meir på meg dreg."

 

Og seinare har 'kje eg smakt han,

nei aldri ein einaste sneip.

Eg hittil har greidd å haldt meg,

når det på det verste kneip.

 

******