Som 20-åring kom jeg inn i militæret, syns det var på tide å få unna 

militærtjenesten. Samtidig ville jeg utnytte den 

til å ta noe utdannelse der.  

Den første tiden med tidlig opp om morgenen, oppstillinger og høye rop, 

kjeftende offiserer og strenge regler ble nok en overgang 

fra det frie livet til da. 

Og selv om det ofte fantes både lyst og ulyst til mange av de oppgavene 

vi ble satt til, hadde vi det moro og spennende dager. 

Det første diktet er er ikke selvopplevd,

men det kunne ha vært det.

Soldat uten lyst

 

Straffa !
Eg står her i rekkja med hovudet bøygd,

på oppstillingsplassen i dag.

Og skjelv for kvar lyd som omkring meg vert til,

kjenner hjarta slår dirrande slag.

   

For i natt kom eg innatt i leiren for seint,

cirka 30 sekund eller så.

Og kapteinen, den slampen, skal fastsetja dom,

for den ugjerning, straff lyt eg få!

 

 Frå ei glefsande røyst høyrest plutselig "RETT"!

og mitt nummer og navn vert ropt opp.

Og i bortimot sørgjemarsj ruslar eg fram,

mens alvorlige blikk kikkar opp.

   

Og det er som om alt som omkring meg var lyst,

det er no blitt til mørkaste natt.

Og då dommen den fell: "Du får 3 dagar bu",

blir eg viljelaus, veik og tafatt.

 

 Og som brotsmann eg straks blir tatt hånd om,

og ført bort medan verda står still.

Men eg veit at kapteinen står flirande att,

for at endeleg fekk han slå til.

   

Å du stakkar som avtener plikta di her,

og som aldri gjer nokon fortred.

Husk: Kom aldri på kant med kapteinen,

han er sjefen for krig og for fred.

 ***

Dette diktet er sjølopplevd.  

Tankar eg gjorde ei av dei iskalde nettene i vinterkulda 

ved porten på Jørstadmoen, Lillehammer

 

Ei natt på vakt
 Eg står her ved porten og frys i natt,

som ei utestengd bikkje i band.

Med gevær over skuldra, og beret og frakk,

og slår flokar det beste eg kan.

For eg er ikkje unt ei seng som er mjuk,

og ei dyne av dun eller slikt.

Nei, eit isbelagt skilderhus, det er min plass,

det er ordre, og vakta si plikt.

 

Det er slett ingen menneskelig tilstand å stå

her i 25 minus på vakt.

Og kjenna at frosttårer renn på mitt kinn

der dei stansar og modig frys fast.

Men som vaktmann på moen lyder dommen min slik,

"du skal lida for at andre skal ha fred".

Så eg lyt vel helst teia, og ta det som kjem,

og finna meg audmjukt i det.

 

Å, du skilderhus, tenk om du hadde ei seng,

eller iallfall eitkvart som var mjukt.

Og ei dør som eg lett kunne lata igjen,

ville hjelpa mot vindgufs og trekk.

Eg måtte jo liggja i krøll, det er klart,

men du verda, kva gjorde vel det?

Ein kvadratmeter flate er rikeleg nok,

hvis eg berre fekk leggja meg ned.

 

Det er sjølvsagt, eg ikkje sku' sova, er klart,

for kva skulle ein då med ei vakt?

Nei, eg ynskjer jo berre at mennesk'lege kår,

til ein menig soldat skulle nå.

Men å nei, slik ein luksus kan ikkje bli tålt,

at ein vaktmann på moen kan få.

Han har lover som tyngjer og seier som så:

"At frå her og til der kan du gå".

 

Ja frå porten og 50 skritts avstand derfrå,

er det lovleg for vakta å gå.

Det er postens patruljeveg, slik er det kalt,

men ein oppvarmingsrunde for meg.

Med 60 skritts fart pr. halve minutt,

det er påbudt og fastbestemt fart.

Men eg nærmar meg 70 når natta vert mørk,

for då veit eg at sjefen er lagt.

 

Ja slik går eg og traskar i mørkaste natt,

og kjempar mot kulde og frost.

Og ynskjer jo nesten at fienden kom,

for det ville gi varme å sloss.

Tross godt er eg kledd, det er sikkert og visst,

ja med ullsjal, og genser og slips.

Og to-tre par ullsokkar, ja frakke med for,

og eit vottepar av skinn, ikkje minst.

 

Men no høyrer eg faktisk den velkjende lyd,

som plar koma i siste minutt.

Av to par støvlar som trampar i takt,

som betyr, det finns frihet tilslutt.

- Men når eg i mi glede frå vakta trer av,

kjem ein klump oppi halsen hjå meg.

For eg tenkjer på deg som åleine står att

her i porten og frys slik som meg.

***

Dette diktet er også sjølopplevd.  

Midt på svarte vinteren dro vi i åpen GMS tilfjells 

og var med på øvelse i 30 kuldegrader nesten hver dag.

 

Tilbakeblikk.

Etter militærøvelsen Start 2 og Start 3 på Skjæringsfjell

17 - 28 januar 1972

 

Mel: Fjellveivisen

Det var ein dag i januar,

kaldt og gufse ute det var

då kaptein Hegseth sa: Nå skal vi dra på øvels'.

Og opp til Skjæringsfjell det bar,

bratte kneikar opp det var

så GMC'en nesten sleit seg ut og måtte gi opp.

 

Før enn vi reiste frå vår leir,

var det både ein og fleir

av oss som ymta på at dette jo var galskap.

Å dra på øvels' vinterstid,

og fryse tå og naglebit,

og attpåtil så var det langt oppe på vidda.

 

Men vi kom oss jo avstad,

ja vi kjørte heile da'n

vi sat og blåfraus båd' i Volvojeep og GMC'en,

Og då vi endelig kom frem,

var det minus trettifem,

då var det jammen godt at Hegseth hadde hytte.

 

 Første kvelden vart det kos,

ja kaptein Hegseth skal ha ros

for den retten som han kalte "Gråbeinsuppe".

Alle åt så kjøttbein skvatt,

nokre åt så knappar spratt,

men så var den jammen kjempegod den suppa.

 

Seinare det alvor vart,

for på øvels' er det fart,

og vi fraus og streva ofte, vel kan hende.

Og hvis noko det var galt,

fekk vi kjeft, det var så klart,

men kva gjord' vel det, snart var han like bli att.

 

Men vi har jo hatt det godt,

deilig mat det har vi fått,

masse fri, og tid til skiturar i fjellet.

Og ved peisen kvar ein kveld,

har det stått så mange spell,

slik at tida den har gått så altfor fort her.

 

Og når no vi reisa må,

vil vi takke verten vår,

for dei fjorten dagars gjestfrihet på hytta.

Kjeksrud, Kåsa, Jacobsen,

Audestad og Iversen,

Hermansen og Birkevold og Stendeguten.

 

****